En trygg skoledag

Alle elevar i norsk skole skal ha ein trygg og god skoledag utan å bli mobba og utestengt. Dette er ein rett du som elev har, og som alle vaksne på skolen skal kjenne til.

Viss du seier at du ikkje har det bra på skolen, skal dei vaksne gjere alt dei kan for å hjelpe deg.

Ingen skal kunne snu seg vekk, seie dei ikkje visste, eller la vere å gjere noko og håpe det går over.

Frå 1. august gjeld nye reglar for elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing, og det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjere når ein elev ikkje har det trygt og godt. Fylkesmannen skal tidlegare enn før på banen viss ikkje skulen gjer nok for å hjelpe eleven.

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking, som mobbing, vold, diskriminering og trakassering. Film om en En trygg skoledag utan mobbing.

Skolen skal heile tida arbeide for best mogleg skolemiljø og at skolen blir opplevd som trygg og god for elevane. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle vaksne som arbeider på skolen skal følge med på at elevane har det bra og gripe inn mot mobbing og anna krenking. Dei skal også varsle rektor viss dei får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Dette står i  opplæringslova kapittel 9A og gjeld frå 1.8.2017

Del denne artikkelen på: