Om skolen

Åkrehamn vidaregåande skole er en videregående skole med fire yrkesfaglige studieretninger og en studieforberedene.  Skoleeier er Rogaland fylkeskommune.

Skolen ligger midt i Åkrehamn som er en del av Karmøy kommune. I dag er det ca. 530 elever på skolen, fordelt på 40 klasser/grupper. I tillegg kommer kursdeltakere på Rogaland kurs- og kompetansesenter (RKK).

Verdier og visjon

Saman skapar me framtidas kompetanse

Å skape kompetanse er ikkje eit arbeid for ein enkelt person. Å skapa kompetanse handlar om eit fellesskap og eit samarbeid. Framtida til regionen og Noreg er avhengig av maksimalt dyktige fagarbeidarar. Skal dei skapast er det mange som må bidra saman. Fyrst og fremst handlar det om den enkelte framtidige fagarbeidaren som treng eit stort nettverk med rettleiarar som kan sørgje for at ho meistrar noko nytt og lærar effektivt kvar dag. Desse rettleiarane er medelevar, lærarar, rådgjevarar, leiarar, opplæringskontor, instruktørar i bedrifter og fleire. Alle skjønar at det er naudsynt med tett samarbeid om planlegging, læring og resultat. Alle har same målsetting maksimalt læringsutbytte for kvar enkelt gjennom fire år.

Mål – Maksimalt læringsutbytte for kvar enkelt elev

Maksimalt læringsutbytte for kvar enkelt elev tyder at eleven si læring må vera i fokus heile tida.  Me skal kartleggja status til den enkelte elev innanfor dei ulike fagområda, me skal rettleia eleven frå det utgangspunktet mot eit tydeleg mål som akkurat denne eleven kan meistre. Me skal når eleven har nådd det målet vera med eleven å setja nye mål. Undervegs i prosessane skal eleven kjenne til kva som er kriteria for at målet vert nådd og ein skal ha høge forventningar til eleven skal nå måla sine. 

Kvifor skal me arbeida mot det målet?

Alle våre elevar kan lære og skal lære i den tida dei er på skulen. Dei skal oppleve meistring kvar dag. Alle våre elevar fortener ein framgang i læringa på alle fagområda. Vår plikt er å tilretteleggje slik at elevane vert motiverte og engasjerte i si eiga og andre si læring. Å lære seg å stilla spørsmål om sin eigen læringsprosess er viktig for danninga som menneske. Det å gjera feil er bra dersom ein lærer noko av feila. Det å reflektera over kva har eg no lært, gjer det mogleg å gå vidare til neste steg i læringa. Samfunnet treng no mange og dyktige fagarbeidarar. Dei må ha større kompetanse enn tidlegare. Dersom Noreg skal konkurrere mot andre land må kompetansen til våre fagarbeidarar vera betre. Vår ungdom av i dag er dyktige og leverer kompetanse dersom me har høge forventningar til dei og viser dei vegen mot denne kompetansen.

Skolens historie

Åkrehamn vidaregåande skole har en historie som går tilbake til 1962. Skolen var da kommunal, og het Karmøy Yrkesskole. Virksomheten den gang var sveisekurs, og undervisningen foregikk i rådhuset på Åkra.

Fra skolens start fram til i dag har det skjedd store endringer i næringslivet og i samfunnet. Viktige fundamenter i vår opplæring er å gi elevene en god basisopplæring som er tilpasset næringslivets metoder og krav. Skolen er godt utbygd med maskiner og utstyr, og en stor del av opplæringen vår er praktisk rettet.

Den læringen elevene ved skolen får gjennom praktiske øvelser, brukes som eksempler i den teoretiske tilnærmingen av stoffet. Denne erfaringsbaserte læring gjør kunnskapen helhetlig for dere.
Der er ingen grunn til å tro at den teknologiske utvikling vil stoppe opp. En viktig oppgave for oss som skole er å gi elevene lyst til og interesse til å holde seg a jour med utviklingen innen sitt fagområde.