Skolebyggene er stengt for ordinær undervisning

Helsing fra rektor

Kjære elever og foreldre 

Me går inn i ei ny tid. Me er i ein ny fase. Me skal framleis skape framtidas kompetanse. Vi er på vei mot nye læringsarenaer og nye strukturar.

På måndag er elevane nettstudentar. Lærarane våre driv fjernundervisning. Me trur at de elevar er i stand til å møte denne nye kvardagen.  De foreldre er vårt viktige støtteapparat. 

Kjære elevar, å lære aleine er ikkje alltid like lett, å lære aleine over tid er vanskelegare. Så samarbeid med lærar, samarbeid med medelevar over nettet. De er digitale, de har høg kompetanse. Bruk han til å lære kvarandre, læraren og foreldra. 

De skal følgje timeplanen de har på skulen og får frå kontaktlæraren dykkar. Det er viktig å ha gode rammer rundt læringa no, sjølv om du sitt heime. Vær aktiv og søk etter kompetanse. Vi veit at du kanskje skulle lært dette i praksis, i verkstad eller på pleierom, men prøv å visualisere og bruke videoar. Og er det mulig, øv på noko praktisk heime. 

Som elev må du nå søke hjelp og støtte sjølv. Det er viktig og klokt å gjere det. Lærarane er klare til å hjelpe, dei vil vere tilgjengeleg for deg på ulike digitale kanalar.

Kjære føresett, å den gode ungdommen din heime i fleire veker, kan vere ei glede og ein utfordring på same tid. Det gir nokre muligheiter til meir og tettare dialog. Det gir deg muligheiter til igjen å følgje med på læringa til ungdommen din. Dei er gode, dei er flinke, men framleis treng dei nokon som oppmuntrar, støttar og lyttar. No er det deg i enda større grad. 

Forsking syner at framovermeldingar på arbeidet og prosessen undervegs, har større effekt på læringa enn karakterar.

Forsking syner at motivasjonen aukar når føresette engasjerar seg i skulearbeidet! Du som føresett kan vere med å støtte opp om din ungdom sin læring.

«Hvis foresatte ønsker å gi ungdom en gave, er det beste de kan gjøre å lære dem å elske utfordringer, bli engasjert av feilgrep og finne glede i innsats og stå på i ny læring» -Carol Dweck

Me trur at feiltastisk er eit godt ord. Me lærer gjennom å stadig gjera feil, dersom me får rettleiing og hjelp til å forstå kva me gjer feil og blir motiverte til ny innsats for å meistra.

Som føresett kan du snakke med ungdommane om læring. I bilen, ved middagsbordet eller kva tid som helst, spør slike spørsmål: ”Kva lærte du i dag? I matte, på trening, på verkstad?” 
”Kva gjorde du feil i dag som igjen gjorde at du måtte tenkje deg om og endre innsats eller måte å gjera det på?”, ”Kva prøvde du å gjera skikkeleg godt i dag, med stor ekstra innsats?”

Det er viktig at ungdommane får dele det dei har lært med nokon. Det at nokon er interessert i deira læring no, er viktig. Når dei var barn fekk dei masse tilbakemelding på det fyrste ordet, det fyrste steget. Men kva med no? Ikkje ros dei med flink jente eller tøff gut. Ros dei gjennom konkret tilbakemelding, til dømes "du var god når du hjalp bestemor med veden, eller "eg er imponert når du øver så hardt på dei engelske verba og brukar så mange ulike måtar for å lære". Ikkje sei du er smart, men heller "du blei smartare i dag, sidan du gjorde ein slik god innsats og fekk det til." "Du kan det ikkje enno, men viss du held fram å arbeide, og spør om hjelp, vil du få det til." 

Helsing

Åse Bratthammer - rektor

Til toppen