Informasjon til elevar og føresette

Klikk for stort bilde  

 

 

 

 

 

 

 

 

Åkrehamn vgs opnar verkstadundervisninga for vg2 og vg3 måndag 27.april. All undervisning for vg1 og fellesfag på alle trinn vil i hovudsak framleis vera heime og digital.

Elevar på vg2 og vg3 vil få nye timeplanar torsdag eller fredag.

Me ventar på smittevernreglar og føringar frå departementet og direktoratet, før me kan gå ut med eksakte planar. Alle elevar og tilsette vil få opplæring i desse før oppstart og ved oppstart.

Det vil vera trygt i høve til at me har laga gode rutinar på smittevern og reinhald. Det vil vera få elevar innan same programområde på skulen samstundes.

Det vert ulikt mellom programfaga ut frå behov for praktisk arbeid. De vil få  deler eller heile programfaget på skulen. De får heile eller halve dagar på skulen og resten heime.  Skuledagen er som vanleg frå 07:45-15:05.

Kolumbus vil setja opp skulebussar, men med avgrensa tal på kvar buss, så alle som bur nær skulen og kan gå eller sykle bør gjera det.

Me kjem attende til dykk som skal møta på skulen med timeplanar og informasjon så raskt som mogleg.

Me er veldig glad for å få lov å ha nokre av dykk attende på skulen att, og me ventar på resten av flokken.

Om du har spørsmål, ta kontakt med skolen på tlf. 51923300, eller direkte med kontaktlærer.

 

Helsing rektor

Åse Bratthammer

Til toppen