Skolebyggene er stengt for ordinær undervisning

Kjære alle elver, ansatte og foresatte.

Klikk for stort bilde Me har klart den fyrste veka saman. Me har lært utruleg mykje, om oss sjølv, om endringane me tole, om å vera digitale, om at me savne kvarandre i flokken vår når me ikkje møtes.

Likevel me er sterke, alle har vist styrkane sine, fortel dei du er saman med i heimen eller digital i Teams at du ser styrken, kor flinke dei er og at du no legg merke til nye styrker og ferdigheiter du ikkje kjente til før. For ein ting er sikkert me står an av. Me får tilbakemeldingar om dyktige, engasjerte og inkluderande elevar på alle frontar. Me får tru på framtida når våre ungdommar opptrer høfleg, klokt og samarbeidande. Me heie på dokke alle. Me som skule er der for dykk, ikkje nøl med å ta kontakt. Ha ei fin helg saman.

Til toppen