Kjære alle våre gode ungdommar og dykkar føresette.

Me er utruleg glade for kvar dag de kjem på skulen. Det er viktig for oss fordi me bryr oss om dykk, og er glade for å få låna dykk i ein periode av livet dykkar. Me skal saman skapa framtida sin kompetanse, og det skjer her akkurat no.  Det er ei merkeleg tid me er inne i, og me er glade for kvar dag me kan ha open skule for alle. Det er på denne arenaen de kan treffe andre ungdommar og utvikla kompetanse for dykkar framtid i arbeidslivet.

For å kunne fortsetja med det, er det heilt nødvendig for oss at me alle må halda ut med reglar me har i samfunnet for å hindra smittespreiing. Det er tid for å minna på og stramma inn. Me vil unngå smitte, me er alle einige i det og me må halda ut.
Difor vil det framleis vera slik, til trass for at elevrådet og me alle ville hatt det annleis,

  • Du har fast plass i klasserommet
  • Du kan vera normalt saman med dei innan klassen
  • Blanding med andre programområde skal me unngå
  • Kantina er open for sal, men de må eta i klasserommet.

Kolumbus sender og ut ei ny melding om at å ta buss er ein risiko for smitte når alle elevane vil på same bussen. Dersom det er mogleg å koma seg til skulen på anna vis så gjer det. Skulebussen er i utgangspunktet for elevar som bur meir enn 6 km frå skule. Andre bør gå, sykle eller ta rutebuss.

Fråvær
Det er kome nytt rutineskriv om fråvær, dette finn du på Teams i Info for alle. Nokre av punkta tek eg med her:

Skolen forventer at elever, som normalt ville gått på skolen, følger opplæringen hjemme. Eleven har også en plikt, så langt det er mulig, å delta på i undervisningen i hjemmeperioden.
Det kan få konsekvenser for vurderingsgrunnlaget dersom eleven ikke følger opp det planlagte tilbudet i hjemmeperioden. Varsel om fare for mangel på vurderingsgrunnlag skal varsles på vanlige måte.

  1. Eleven har ansvar for å melde ifra til skolen og faglærer om han/hun kan være med på undervisningen. Dersom eleven ikke er frisk nok til å følge undervisningen, må også dette meldes til skolen og faglærer. For øvrig skal skolens vanlige melderutiner benyttes.
  2. Eleven har i sin fraværsperiode minimum rett til:
    hjemmeoppgaver i tråd med planene læreren har lagt for faget i perioden og/eller opplæring via læringsplattform og kontakt med skolen via læringsplattform eller telefon

Førebyggjande arbeid

Me har eit godt samarbeid med mange etatar utanfor skulen, ein av dei er politiet. Dei vil no ha kontor her på skulen kvar onsdag. Fredric vil vera her på skulen, han vil vitja dykk i klasserommet, driva informasjonsarbeid,  ha samtalar med dei som ynskjer og de må ikkje nøla med å ta kontakt med han om de lurar på noko eller er bekymra for noko. Me er veldig glade for at politiet prioriterer førebyggande arbeid.

Nybygg

Ved Åkrehamn videregående skole pågår det i dag byggearbeid. Arbeida skal etter planen vare til utgangen av 2021. Byggearbeida er delt inn i to byggetrinn. Opparbeiding av uteområdet mot sør, med grøntareal og utendørs aktivitetsområde for elevane inngår også i prosjektet.

Trinn 1 (Bygg H):

Bygg H er et nybygg på 890 m2 som er skal brukes av TIP og byggfag ved skolen. Ferdig til skolestart høsten 2021.

Trinn 2 (Bygg F og bygg C):

Bygg F og bygg C er på totalt 1650 m2, dette er eksisterende bygg som planlegges rehabilitert. Bygg F vil vera for byggfag. Skolens gamle gymsal (bygg C) vil rehabiliteres og tilpasses avdeling for tilrettelagt opplæring.  Ferdig i løpet av 2021.

Gratis frukost

Elevrådet ved skulen, som er ein flott gjeng med ungdommar, er aktive både i høve til innsamlingsaksjonen, undervisninga og trivsel ved skulen. Dei har no i samarbeid med kantina bestemt at det vert gratis frukost ved skulen to dagar i veka,  måndag og onsdag. Då kan du ta turen innom kantina og få med deg havregraut til klasserommet.

YFF og samarbeid med næringslivet
Me har svært godt samarbeid med næringslivet og kommune om opplæring ute i bedrift, om praksisplassar og YFF. Me er heldige som har eit næringsliv som seier ja til å gjera ein innsats for at de skal få best mogleg kompetanse.  Me har og forståing for at det no kan vera problematisk for nokon å ta inn elevar, og at ein del av dei slit med permitteringar og liten aktivitet. Trass i dette har mange av dykk YFF og praksisplass ute av skulen. Pass ekstra godt på i denne tida ute, ha få nærkontaktar og pass på smittereglane. Det blir eit ekstra stort ansvar for dykk. Det vil nok bli slik denne vinteren at alle ikkje vil kunne vera i praksis i YFF-perioden, me vil då ha eit fordjupingsemne på skulen i perioden, og prøva å få nokon frå næringslivet til å vitja oss her.

Elevoppfølging og studietid
På skulen har me mange gode englar som bidreg til å gjera skulekvardagen så god som mogleg for dykk. Nokre av dei arbeidar med elevoppfølging og læringssenter, rådgjevarar, helsesøster, læringssenterlærarar og miljøterapeutar. Dei er der for dykk heile tida. Me oppfordrar deg til å ta kontakt om du slit med små eller store ting. Dei kan hjelpa. Eit av tilboda er studietid rett etter skuletid på dei korte dagane. Måndag for TIP, byggfag og SSR (Sal, service, reiseliv), torsdag for elektro og helse og oppvekst. Dette er eit flott tilbod for alle, der kan du få hjelp til alle fag eller berre sitja å arbeida med heimearbeid i fred og ro.

Det vert mykje informasjon og reglar, men det er diverre naudsynt no.
Så kjære dykk, de gjer ein fantastisk innsats for dykk sjølv og samfunnet. Eg er stolt over at akkurat du forstår at di ungdomstid ikkje vert slik du hadde forventa. At du forstår at alt er annleis no, men ver så snill å snakke om dei utfordringane du møter. Me er her for å hjelpa deg. De har grunn til å vera stolte over dykk sjølv, me møter mange sterke og ansvarsfulle ungdommar, som me vil ha her på skulen så lenge som mogleg.

Helsing frå
Åse Bratthammer
Rektor

Til toppen