Kjære elevar, føresette og tilsette 

Det har vore godt for mange å få starta opp på verkstadane igjen etter ned stenging. Det er no ei veksling mellom heimeskule og verkstad som er gjeldande for mange av dykk.  Nokon er så heldige at dei får vera ute i praksis og nokon får vera på skulen kvar dag. Eg vonar me raskt kan kom dit for alle elevane.

Me har eit vedtak på at skulen skal vera på raudt nivå, vedtaket er gjort lokalt av kommunane på Haugalandet og det gjeld fram til 18.april.

Difor vert og neste veke på raudt nivå sjølv om samfunnet elles opnar opp noko. Me trur det er lurt å ta litt om gongen. Då må me oppretthalde ein plan med delt heime og skule i ei veke til for fleire av dykk.

Elevane er kjempeflinke til å følgja reglar og rutinar og ta omsyn til kvarandre.

Det er viktig at de følgjer godt med på Teams/OneNote og meldingar fordi planane for neste veke kan verta endra på kort varsel. Anten for heile skulen eller for berre din klasse.

Framleis viktig å gje beskjed til oss, kontaktlærar, lærar, avd.leiar eller rådgjevarar om det er noko du tenkjer på eller lurer på.

God helg

Helsing Åse

Til toppen