Kjære elevar og foresatte

No har me hatt ei veke med rødt nivå på skulen. De har hatt timar både heime og på skulen. Timeplanar for neste veke får de på One Note og frå lærarane, følg med, endringar kan koma raskt. Hugs at de alltid kan ta kontakt med læraren eller elevoppfølginga om det er noko de lurar på eller er bekymra for. Me opplever at de er flinke til å følgja reglar og rutiner og at de forstår at me må gjera dette no for å hindra smitte.

Me vil opplysa om smitte på skulen dersom det vert aktuelt, då vil kommunelegen avgjera eventuell karantene for andre enn dei som er smitta. Det er utruleg viktig at de går og testar dykk dersom de har mistanke eller har vore nærkontaktar til nokon som er smitta. De skal og vera heime om de er forkjøla eller kjenner på symptomer og testa dykk. Hugs å ringa eller senda melding til kontaktlærar. Det er Helsevesenet som avgjer om de skal i karantene eller ikkje. Så er det i tvil er det låg terskel for å ringa dei.

Så langt har me to elevar som vart smitta i løpet av juleferien, dei har ikkje vore på skulen, slik at det får ikkje konsekvensar for oss andre akkurat no. Det er viktig å følgje reglane og testa seg. Det skal ikkje vera skam eller flaut å få corona. Åpenhet er viktig, likevel er det slik at alle treng ikkje veta akkurat kven som er smitta dersom de ikkje er nærkontaktar. Det er helsevesenet som avgjer om de er nærkontakt.

Bruk av munnbind

Me ser at når ein arbeider aktivt på verkstad er det vanskeleg å gjera eit godt arbeid og samstundes halda ein meter avstand. Då er retningslinene slik at me må bruka munnbind. De skal ikkje arbeida tett saman over tid, men likevel innfører me no bruk av munnbind på verkstad neste veke. De vil få utlevert munnbind på skulen i verkstaden.

Munnbind er og anbefalt på kollektivtransport og i taxi, så det er lurt å nytta det i den situasjonen.

Rødt nivå er gjeldande fram til 19.januar. Me vil då få nye signal frå regjeringa og kommunane. Inntil då skal me fortsetja å saman avgrensa smitten. Så bruk fritida ute i naturen og saman med dei næraste. Unngå mange nærkontaktar. Me klarar alle litt til.

Ynskjer dykk alle ei fin helg i vinterværet, bruk ekstra tid på å ta vare på kvarandre.

 

Helsing Åse

 

 

Klikk for stort bilde 

Til toppen