Kjære elevar ved Åkrehamn vgs

No er det sommar, og de er på veg til ferie, sommarjobb, bading og aktivitetar. De har lært mykje på skulen i klasserom og verkstader, de har vore i praksis i arbeidslivet, de har mange erfaringar med dykk frå året som gjekk. Mest av alt vil de hugsa vener og nye opplevingar der de meistra oppgåver de strevde litt med å klara. De er sterke ungdommar som har brukt styrkane dykkar til å utvikla nye ferdigheiter.

De har halde ut og fått til å sveisa, de har vore nysgjerrige og funne ut korleis kroppen fungerer i helsefag, de har samarbeida og saman lært å byggja hus og garasje, de har vore kreative og skapt nye bedrifter, de har brukt dykkar lærelyst til å få elektriske anlegg til å verka og prosessar til gå. De er flotte ungdommar som alle har bidrege til å skapa eit godt skuleår for dykk sjølv og dykkar medelevar, bygd på likeverd og god dømmekraft.

De har lært at å skapa eit godt arbeidsmiljø vil vera avhengig av deg og din respekt for andre. Det å kunne bruka humor, godleik og vera ærleg er viktige styrker du kan bruka i arbeidslivet. No skal mange av dykk ut i arbeidslivet, de skal starta på vaksenlivet gjennom arbeid. Det er mange bedrifter og føretak som har gjeve oss gode tilbakemeldingar frå dykkar praksis. Dei er imponerte, og ser fram til å ha dykk i arbeid. Å verta fagarbeidar er lurt. Å læra eit yrke der det er bruk for dykk, å læra å gjera ein god jobb innan ditt fagområde er noko du skal vera særs stolt over.

Det er bruk for dykk i framtida. Me på Åkrehamn vgs. ynskjer lukke til. Me vil alltid vera ein del av flokken din, og du vil vera velkommen til å ta kontakt om du treng oss til noko i framtida og.

Nokre av dykk skal fortsetja på skule, anten her på Åkrehamn eller annan stad. Me gler oss til de kjem att i august. Til meir læring, til meir praksis, og til å lære meir om korleis du kan ta vare på deg sjølv og andre, slik at me saman skapar eit godt samfunn og eit godt arbeidsmiljø.

Skuleåret har vore annleis, likevel har de vore positive og arbeidd godt med oppgåver heime i dei periodane me har måtte halda stengt. Elevrådet har komme med gode tilbakemeldingar og tips til oss på skulen om korleis me kunne gjera dei dagane enno betre for dykk. Det har vore imponerande innsats frå dykk som elevar, men ikkje minst frå dei tilsette på skulen, som verkeleg har stått på for å gjera dagane dykkar så gode og lærerike som mogleg, trass i pandemien. Eg trur de har takka dei sjølv på mange vis.

Nokre vurderingar av skuleåret frå elevane våre på bygg om kva dei har lært:

Jeg har lært meg å lære
Å kunne forklare ting.
Jeg har blitt mer selvstendig, stole på meg sjøl
Å snakke med andre

Vi har lært om sex og samtykke
Jeg har lært masse om rørleggeryrket, og praktisk utførelse.
Navn på maskiner, deler og utstyr
Montering, regler, verktøy, og hvordan vi skal bruke det
Ulike jobb-metoder
De forskjellige tingene en rørlegger arbeider med
Respekt
Bedre tålmodighet

Hva var det som gjorde at du lærte dette?
Fikk litt informasjon først (læringsoppdrag).
Så måtte vi jobbe alene eller i gruppe.
Jobbet i bedrift
Læreren har vist meg mye lærerikt. Lærte av lærerne som veiledet, og av medelever, skolen/lærerne
Egen studie-støtte på skolekafe
Praktisk arbeid
Øve i å snakke med andre. Det kommer etter tid med jobb, snakk, lære
Tålmodighet, Lytte, Meg sjøl.

Hva har vært spesielt kjekt dette skoleåret?

Det er stor grad av respekt og samarbeid i klassen.
Vi kan bruke hele kroppen, vi har store prosjekt.
Fordi jeg liker faget (interesse)
God lærer og god jobbteknikk
God kommunikasjon
Det sosiale og det samholdet vi har i klassen
Å bli kjent med, og kunne være med på forskjellige aktiviteter med klassen

Hva er suksesskriteriene for å få til god læring?

Å kunne jobbe aktivt selv.
Suksessen er å feile, og gjøre det på nytt, for da lærer du.
Å være engasjert i det du holder på med
Jobbe nøyaktig
Lytting og tålmodighet er viktig, Være utvilt, Trivsel, Ærlighet,
Gode lærere


Dette er ei god liste. Same tilbakemeldingar opplever me på dei andre utdanningsprogramma. Det er noko de som elevar og tilsette skal vera stolte av. Eg ynskjer dykk ein strålande velfortent sommarferie. Det er tid for nye eventyr og å bruka alt det har lært vidare både heime, med vener og i arbeid.

Helsing frå Åse.

Til toppen