Oppstart etter påske

Åkrehamn videregående skole starter undervisningen tysdag 6.april på raudt nivå. Dette forutset at det ikke blir gjort nye kommunale vedtak påskeaften. Me sender i dag ut informasjon til alle elever og føresette om korleis skulekvardagen vert etter påske.

Det vert ein kombinasjon av digital skule og fysisk tilstade i verkstader. Det er avhengig av plass på verkstader og klasserom korleis det vert på dei ulike utdanningsprogramma og klassane. Me skal forhalde oss til ny smittevern rettleiar frå Udir.

Me og elevane er glade for at me kan ha praktisk undervisning i verkstaden, det er vanskeleg å læra dette digitalt.

Me takkar alle elevar, føresatte og tilsette for den formidable innsatsen de gjer kvar dag for å hindre smitte. Me har totalt hatt 8 smitta elevar i perioden me har vore igjennom. Ingen har blitt smitta på skulen eller har smitta vidare internt på skulen. Det går så langt me veit bra med dei som har blitt smitta.

Me vil gjera alt som er mogleg for å gjera skuledagen så trygg som mogleg.

Me ynskjer alle våre elevar, deira føresette, tilsette og samarbeidspartnarar ein god og roleg Påske.

Til toppen