Me er utruleg glade for kvar dag de kjem på skulen. Det er viktig for oss fordi me bryr oss om dykk, og er glade for å få låna dykk i ein periode av livet dykkar. Me skal saman skapa framtida sin kompetanse, og det skjer her akkurat no. Det er ei merkeleg tid me er inne i, og me er glade for kvar dag me kan ha open skule for alle. Det er på denne arenaen de kan treffe andre ungdommar og utvikla kompetanse for dykkar framtid i arbeidslivet.