Videregående skole

Kjære elever og foresatte

 

Eit nytt skuleår har starta, ei heil veke har det vore liv, latter, gleda og læring på skulen vår. Det gjer utruleg godt for oss som jobbar her. Dokke som kjem her er framtida, de skal byggja vårt felles samfunn på alle moglege måtar saman med oss. Hjarteleg velkomen til dykk som er nye og velkommen att, de som var med oss i fjor.

Det er noko med å starta på ein ny skule, jobb eller nytt fotballlag for den del. Ein kjenner ofte på at ein grugledar seg. Det er litt skummelt og litt kjekt. Me som jobbar her vil gjera alt for at du skal gleda deg til å koma kvar dag, for å læra og for å treffa gode vener og lærarar som heie på deg og dine styrker. Men om du skulle kjenna at det blir litt for skummelt, litt for vanskeleg så har me mange rundt oss her utanom lærarane. Team elevoppfølging er ein heil gjeng med dyktige og kjekke folk som står klar berre for dykk. Finn dei, om du lurar på noko, eller er engsteleg!

Det er mykje informasjon som ein skal lesa, forstå og ikkje minst handla etter ved skulestart både for deg som elev og for dine føresette. Ver flinke med å hjelpa kvarandre som gode makkarar og vener.

Det er viktig å følgje reglar og rutiner i samband med korona. Me ynskjer å ha alle her på skulen heile året, då må me hjelpa kvarandre med å halde avstand, vaske hender og halda oss til vår eigen klasse.

Det er eit nytt timeplansystem som heiter VIS. Føresette får tilgang i løpet av eit par veker og vil få info. De som elevar får opplæring og tilgang på skulen.

De skal velje elevråd snart og der vil de ha ei viktig stemme i høve til korleis skulen vår skal vera. Me ynskjer at de alle skal vera aktørar og ta del i korleis de lærer best, og elevrådet vil vera dykkar stemme på kva som er viktig for heile skulen.

Som rektor er eg stolt over alle som arbeidar her, fordi dei tenkjer på dykk som elevar som ein ressurs, som bidragytarar og som læringspartnarar. Vårt personale er fagleg dyktige, samstundes som dei møter deg på ein god måte.

Er det noko de lurar på, ta kontakt med lærar, avdelingsleiar, serviceavdeling eller meg.

Med vennleg helsing frå

Åse Bratthammer Rektor

 

Koronaviruset - informasjon og retningslinjer 

Rogaland fylkeskommunes felles temaside med informasjon for elever, lærlinger, foresatte og ansatte.

Gå til temaside om koronaviruset

Aktuelt

Til toppen